"Nordens safran", - tørka ringblom -  av våre beste salgsproduk!

Vi er å finne på torg og marknader - som her i Lom sentrum. Ellers finn du oss oftast på Bondens Marked på Lillehammer.

Gardsbutikk og vareutval 

Vil du avlegge oss eit besøk fylgjer du skilting med "Olav Aukrust" frå Lom Sentrum 5 km. oppover Solsidevegen mot Flåklypa. Opningstidene i gardsbutikken er:

Tirsdag og torsdag: 15.00  - 18.00
Laurdag: 11.00 - 14.00

I vinterhalvåret (november til mai) er det lite trafikk, - så ta helst kontakt i førevegen (e-post / faks  eller tlf).

BIODYNAMISK GRØNT
Sumarsesongen har vi eiga bestillingsliste for friske urter, veksthusprodukt og grønsaker. Dette er engros-prisar, vi leverer via Gudbrandsalsmat nedover heile Gudbrandsdalen. Ta kontakt med Gudbrandsdalsmat (www.gudbrandsdalsmat.no) eller direkte til oss. Lokalt er Fossheim Hotell og Bakeriet i Lom våre beste kundar og samarbeidspartnarar.

URTESORTIMENT
Vi har truleg landets største utval av økologiske urter og krydder på lager! Både blandingar og enkelturter!

AUKRUST SPEKEPØLSER
 Vi slaktar ei ku eller ukse og ei purke via Nortura, og får slakta levert hos Skjåk Turistheim i Skjåk. Dei blandar og stappar pølsene med våre urter. Så tørkar vi dei i 2 månader i urterommet. Frå gardsbutikken er prisen 200,- pr. stk, i fylgjande 4 variantar:
GRØN type: Krydra med timian, merian og basilikum
BLÅ type: Eiga solbærsaft, karve og koriander
GUL type: Eigen sjalottlauk og grovknust pepar
RAUD type: Einbær og grovknust pepar, vår kraftigaste variant, ei retteleg "karfolk-pølse"!

UTKJØRING AV GRØNSAKER
Vi dyrkar dei fleste vanlege grønsakslag som gulrot, kålrot, Troll-potet, raudbet, kål osv, - i tillegg til veksthusprodukt som tomat og frisk basilikum. Om hausten lagar vi eiga bestillingsliste, og leverer i oktober varer til vinterforsyning heim på døra nedover Gudbrandsdalen til Lillehammer! 

Du kan også be om å få produktlista vår på urteprodukt, vi sender varer med post over heile landet! Gå inn på "Urtesortiment" på hovudmenyen for produktlister og produktpresentasjon.