URTERI



 

Fjellnorske dufter og smakar i delikate posar

 

Kvann - har på latin både englar og erke-englar med i sitt latinske namn - Angelica Archangelica.  Vårt nordiske bidrag til urtekulturen!

 

 

Meieri, slakteri, parfymeri, -
kvifor ikkje "Urteri"?

 

Tidleg på 1990-talet vart samvirkeforetaket Norsk Øko-Urt danna, med DEBIO-godkjente urtedyrkarar som medlemmer. Vi fekk mottaksstasjon for Norsk Øko-Urt, og kvalitetsvurderer, rensar, blandar, pakkar og sender bestillingar  til små og store kundar som Helios, Coop, og Norsk Apotekproduksjon.

Dessutan dyrkar vi urter sjølve, og tørkar på spesialkonstruert urtetørke med luftavfuktning. Vi får ein framifrå kvalitet på urtene, som ein ser på fargene på blomstervare som ringblom og kornblom.

Vi lagar eit eige sortiment basert på det vi dyrkar sjølve, i delikate poser med vindu som lar deg få eit blikk inn i ei verd av dufter og smakar.