|
|
|

Teane våre er vakre og velsmakande, med etikettar med motiv frå garden eller av kunstnarar. Dei har grundig deklarasjon av innhald og bruksmåte. Teane er lite knuste, difor held dei godt på aromaen. Vi anbefaler å la teane trekke i 10 min for at aromaen skal koma godt fram.
ÅRSTIDSTEAR Vi har ein spesial-Te for kvar årstid, - og dessutan ein krydra Jule-Te som vi kallar Jule-Fred. Vår-Teen er rensande og forfriskande, Sumar-Draum mild og god, også kald. Haust-Kveld varmar og er god i ei forkjølelsestid, Vinter-Natt er søt og lakrisaktig.
URTETE - SORTIMENT I tillegg fins eit stort sortiment med eigne velsmakande og originale blandingar. Alle har blomstermateriale, - slik at dei også ei ei estetisk nyting.
HISTORISKE TEAR Det er mykje kulturhistorie knytt til urtene, - vi kan raskt fornemme middelalder, klosterstemning og kloke koner. St.Sunniva er ein te med klassiske kvinneurter, St.Olav inneheld mellom anna kvann og humle. I middelalderen var inngangsportalen til urtehagane overgrodd av humle, - den sikrar nattesøvnen!
For å ha eit fullstendig sortiment importerer vi urter og krydder vi ikkje kan dyrke i Norge. Alt er sjølvsagt økologisk dyrka.
Tekulturen er nærare 5000 år gamal. Kaffe er for det hektiske liv, - te for stille stunder for ettertanke, harmoni og venskap.
Grøn te er tørka blader av teplanten. Svart te går gjennom ulike fermenteringsprosessar. "First flush" er fyrste hausting og den finaste kvaliteten. Kvit te er ekstra tidleg hausta grøn te.
Vi lagar tre ulike blandingar med svart te, - men tilset ikkje andre aromaer enn dei som naturleg er i urtene.
-
FRUKTSMAK med epler, nyper, hibiskus og malveblom frå Aukrust
-
KRYDDERSMAK med nellik, ingefær, kardemomme, kanel og raud kornblom frå oss
- SITRUSSMAK med sitrongras, appelsinskal og ringblom frå Aukrust
For teane våre er Bodum tekanner ideelle. Teane våre treng plass og tid for å kunne utfalde aromaen sin. Etter at teen er trekt trykkjer ein ned stempelet, etter same prinsipp som kaffekannene. Dei er vakre, robuste og funksjonelle. Vi sel to storleikar: 1 liter og 0,5 liter.
TREKKETID Urtetear 5 - 10 min. Svart te: 2 min oppkvikkande - 5 min beroligande Grøn te 2 min med vatn på 80-90 grader.
Vi har eit rikhaldig utval av krydderblandingar (for enkelturter sjå fullsortimentsliste).
SALATKRYDDER - til dressingar, grønsakrettar POTETKRYDDDER - til baking, steiking, urtsmør SUPPEKRYDDER - med tørka lauk, løpstikke og andre klassiske suppe-urter PASTA/PIZZA-KRYDDER -med tomat og kvitlauk FISKEKRYDDER - med dill, til steiking, ovnsbakinng KJØTTKRYDDER - til sauser, marinering - KAKUKRYDDER - med tørka gulrot, til brød, bakverk DESSERT/KAKEKRYDDER - fruktig-søt smak til is, dessertar.
|
|
URTESORTIMENT
Vi kan tilby landets største utval av økologiske urteprodukt! Varene har lang holdbarheit og er lette i vekt, - vi sender i posten (ikkje postoppkrav) over heile landet. Dessutan lagar vi vakre gavepakningar, og er fleksible i høve til spesielle ynskje.
BESTILLINGSLISTER
Vi har 2 ulike bestillingslister: 1. Bestillingsliste for urtesortimentet vårt for privatkunder, du kan klikke fram produktoversikt på fyrste sida 3. Engrosliste, grossistprisar for detaljistar: KLIKK HER
PRODUKTPRESENTASJON
URTETEAR



SVART OG GRØN TE


TEKANNER

KRYDDERBLANDINGAR


PYNTEBLOMAR


|
|
GAVEPAKNINGAR

|
|


 
|