|
Nordgard - der tusen blomar blømer!
Vi takkar alle våre gjester for ei triveleg
Laurdag 11. september er vi å finne på Bondens Marked på Stortorget på Lillehammer! Vår tradisjonsrike Haustdag med grønsakmarknad, mat og program vert laurdag 25. september i år! Helga etterpå er vi å finne på Matstreif på Rådhusplassen i Oslo.
Slik ser garden ut ein dag tidleg i januar i minus 30 grader!
URTEPRODUKT For privatkundar finn du oppdatert bestillingsliste og prisar: Vi har dessutan over 100 enkelturter på lager, - så vi kan levere det meste! Bestillingsliste med engrosprisar (bestilling for minst 1000 kr.) finn du under"Urtesortiment" i menyen til venstre. Send gjerne spørsmål eller bestilling til: e.post aukr@online.no SPEKEPØLSER Vi har restaurert kjøkkenet og fått godkjenning av Mattilsynet for sal av mat. Vi har tre kategoriar (minimum grupper på 10 personar):
Salatbordet består av eigne produkt: Salater, urter og blomar, spekepølser - dessutan bakverk frå vedfyrte ovnar i Bakeriet i Lom og ost frå lokale osteprodusentar. Ta kontakt så finn vi fram til eit opplegg! For grupper som kjem på besøk kan vi også tilby eit kulturprogram i Urtehagehuset omkring diktarar og kunstnarar i Lom og Bøverdalen - med forteljing / opplesing / piano / sang. Dette kostar kr. 500.
URTEHAGEHUSET kallar vi i fyrste omgang nybygget som er reist på nedsida av urthagen. Firmaet O. Fjeld i Lom har laga flotte murar i naturstein, og Stokk og Stein stavkonstruksjonen. Bygget vert til i samarbeid med Stiftinga Solrenning, som i fylgje ei leigeavtale kan bruke bygget vederlagsfritt. Det er mogleg å verta medlem i Stiftinga Solrenning, sjå i menyen for meire detaljert informasjon. Du får da 10% avslag på produkt frå garden, informasjon og moderasjon på ymse arrangement. |
|
TRADISJON OG FORNYING Solvendt under Lomseggen finn du garden Nordgard Aukrust med solbrune tømmerhus. I "Nordens Provence", i ein jordbrukskultur der Vår Herre sjølv syrgjer for sol og vi sjølve må syrgje for vatn til markens grøde. Alstå eit klima godt eigna for blomar og urter, som du kan møte i urtehagen vår. I 15 år har vi arbeidt med urteforedling, i det vi kallar urteriet vårt. Vi lagar eit stort sortiment basert på det vi dyrkar sjølve. Dette finn du i gardsbutikken, eller du kan bestille varer direkte frå. Drifta er økologisk godkjent sidan 1986. Vi driv bio-dynamisk med Demeter-godkjenning, som er det strengaste av alle økologiske merke. Til bio-dynamisk drift høyrer allsidigheit og helst kyr, - våre tilbring sumaren på setra Ulvåt øvst i Bøverdalen. Garden vert dreven av Frnziska og Ola Aukrust, med fem småbarn, - og gode hjelparar i form av medarbeidarar og praktikantar.
Eit lite utval te og krydder. Teane kostar kr. 45 for privatkundar (engros 28 + mva. 14%) - krydder kr. 35 (engros kr. 22 + mva)
GAVEPAKKE, , - vi tilpassar etter ynskje.
| |
|
|